AALSTVEIT-HEIMVEGEN KIRSTEN OLAUG WILSON
Gård informasjon
- Driftsenhet 30420072 00
- Orgnr 969089874
- Kommune Hemsedal (3042)
- Fylke Viken
- Telefon 99320971
- Mobil 99320971
- E-post Send e-post
- Webside Åpne webside
Har tilbud i følgende kategorier
- Helse og omsorg
- Arbeidstrening og rehabilitering
- Andre tjenester
Er du privatperson og ønsker å benytte tilbudet, kontakt
Omsorg og Pleie, Hemsedal Kommune NAV
Status Stiftelsen Norsk Mat
Godkjent fra 12.03.2014
Me har fire type Inn-På-Tunet tilbod; 1. Aktivitetar og arbeid på garden og i skogen. For dette er det ein føresetnad at evt. deltakarar/brukarar har ein interesse for handverk, dyr og frisk luft - dermed blir det størst sjanse for ei positiv utvikling og meistringskjensle. Arbeidet/aktiviteten kan føregå inne eller ute, avhengig av vær og føre, men hovedsatsen er på utearbeid. Vi kan lett tilpasse kvar einskild sin kapasitet til fysisk aktivitet i frisk luft. Me legg vekt på tryggleik og eit triveleg arbeidsmiljø samt rådgjeving om arbeidsstillingar og -teknikk. Det følgjer ei liste over høveleg aktivitetar/arbeidsoppgåver; Foring og stell av buskap (Gamalnorsk Spælsau) Skogsarbeid, tømmer og ved. Arbeid med jorda. Gjerding og laging av gjerdestolpar frå eige virke. Rydding av beite/kulturlandskap. Snekkering og handarbeid. Reparasjon av utstyr. Mykje av dette er sesongavhengig, og me har gode erfaringer med å tilpasse tilboda etter det. 2. Friluftsliv Friluftsliv er ein viktig del av kvardagen vår både personleg og som turisttilbod. Me har lang erfaring med vegleiing i friluftsliv, og legg vekt på å lage trivelege og meiningsfylte naturopplevinger. Korte og lengre turar til fots, på trugar og på ski. Kanopadling Båttur - robåt Fiske Bueskytting Overnatting i lavvu, telt, snøhule m.m 3. Komplimentær terapi. Vi representerar, tilsaman, nesten 50 års erfaring med komplimentære og alternative behandlingsmetoder. Klientane våre ofte vel behandling/terapi hjå oss som tillegg til lege- eller psykologbehandling o.l.. Tilboda vår hjelper; avspenning, auka vitalitet, fleksibilitet/mjukheit, sjølvtillit og indre ro, auka smidighet og muskelstyrke, bedra koordinasjon og balanse, mental og fysisk avspenning, djupare søvn og kvile. m.m. Tilboda omfattar følgjande; Rosenmetoden Qi Gong Mindfulness trening og Meditasjon